Skulevegrarane treng hjelp, ikkje nye nederlag
DEBATT: I Høgre diskuterer dei å gå inn for ei fråværsgrense for elevar i ungdomsskulen. Det er å gripe tak i eit stort problem frå feil ende.
Detbattinnlegget er skrevet av Dag Hellesund, Leiar, Foreningen for selektiv mutisme Hordaland
Politiske forslag om endringar i skulen kan ofte virke tiltalande. Kven vil ikkje ha enkle løysingar på alvorlege problem? Diverre er det slik at verda ofte er langt meir komplisert enn kva ein politisk idé kan romme.
Leiarskribentane i Bergens Tidende har latt seg rive med av eit forslag frå Unge Høgre om å innføre ei fråværsgrense for elevar i ungdomsskulen. Kanskje ser mange for seg at fråvær i skulen heng saman med skulking. Slappe, skuletrøytte skulkarar av nokre ungdommar, med ditto ettergivande foreldre, som berre treng seg ein oppstrammar: Grensesetjing ved at dei ikkje får karakter i fag om dei er for mykje borte.
Kanskje finst det slike, som vil kunne ha nytte av ei grense. Men det som er sikkert, er at svært mange barn og ungdommar slit med skulevegring og fråvær på grunn av diagnosar som Aspergers, autisme, ADHD, Tourettes, sosial angst og selektiv mutisme.
Vi i styret i Foreningen for selektiv mutisme Hordaland høyrer stadig vekk om barn med denne diagnosen som har skulevegring. Nokre har ikkje vore på skulen i fleire år.
Selektiv mutisme er ei form for sosial angst som gjer at barna ikkje klarer å snakke i mange sosiale situasjonar. Mange snakkar normalt heime, men er heilt tause på skulen. Eller kanskje dei snakkar med bestevenen, men ikkje med læraren.
Altfor mange av desse ungane får ikkje god hjelp. Sjølv om oppunder éin prosent av personar under 18 år truleg har diagnosen, er det lite hjelp å få hos pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).
Ein del vaksne som møter barn med selektiv mutisme, kan misoppfatte og tru at dette er noko dei gjer på trass, at dei ikkje vil snakke. Men eigentleg vil dei gjerne snakke, men får det ikkje til. Å prøve å presse dei gjer det berre endå verre, og forsterkar angstreaksjonen. Her trengst tolmod, tid og rom for alternative løysingar.
Ein del barn og unge med selektiv mutisme utviklar svært alvorleg skulevegring. Press gjer det berre verre, og aukar angsten. At Høgre ønskjer å hjelpe desse, er flott, men ei fråværsgrensa gir ikkje hjelp. Tvert imot kan ei grense vere ein slik type press som gjer situasjonen endå meir fastlåst, og forsterke skamma og kjensla av å ikkje meistre nok eit kapittel i livet.
Frå før blir desse ungane målt på alle område av skule og hjelpeapparat: Kor lite snakkar dei? Er det problem i familien? Kor gode er dei i norsk? Munnleg? Turn? Volleyball? Dei vaksne rundt dei vil setje karakterar og vurderingar på alt dei gjer på skulen. Ei fråværsgrense blir nok eit nederlag, eit krav dei ikkje klarer å oppfylle.
Å registrere fråværet slik at vi får oversikt over problemet, er ein god ide, slik mor og forskar Anne Hege Strand har foreslått. Og så må skular og hjelpeapparat få opplæring om kva som kan føre til skulevegring, og korleis ein kan motverke det.
Men verken foreldre, lærarar eller skule treng ei slik grense for å bli klar over at dei har eit alvorleg problem. Det dei treng er hjelp med problemet.